Har strikka eit par av desse før som vart gitt vekk i gave. Har no strikka eit nytt par til ein/ei som kjem i januar :) Kjappe og enkle sokkar å strikke, og gode å bruke.
Har sydd litt i dag og. Har starta på nokre nye pungar, men manglar glidelås. Då var det å gå over til neste prosjekt, huer til mini. Når huene var ferdige kom det ynskje frå mannen om panneband til syklinga. Så då var det berre å setje i gang med det og:)
Buksa som eg skreiv om i går, heng framleis til tørk, men eg laga ei til i dag, den er populær hjå mini. Har også laga ein sminkepung/myntpung til. Neste innkjøp vert nok ei symaskin. Var kjekt dette:)
Mønsteret til buksa fann eg på denne bloggen. Stoffet er frå Stoff og Stil.
Som lærar har eg lang ferie, og no er vi på ferie heime hjå ho mor. Då har eg nytta anledningen til å låne symaskina. Har laga ei bukse til mini, den vart teken i bruk med ein gang men uten bleie, så bilde kjem når den er vaska og tørka.
I kveld har eg langa ein liten sminkepung/pengepung. Oppskrifta eg har brukt fann eg på denne bloggen. Stoffet som er brukt har eg kjøpt på Stoff og Stil.