Fyrst ut er ein køyrepose som eg strikka til tantejenta vår. Rask og enkel strikke.
Fakta:
Garn: Freestyle (akkurat denne rosafargen er utgått, hadde akkurat nok til å få den ferdig)
Mønster: Dalegarn - Strikkedesign til baby nr 203
Så ein lilla gensar som er strikka til same jenta. Gensaren er strikka i størrelse to år. Eg synest den vart litt for vid. Fann i farten ikkje mønsteret eg har brukt.
Til slutt jakken ho fekk til jul. Brukte tre kveldar på denne jakken. To kveldar til strikking og ein til å feste trådar og sy i knappar. Det går fort med tjukke pinnar og tjukt garn.
Fakta:
Garn: Alfa
Mønster: Sandnesgarn mixbarn 0902