fredag 17. februar 2012

Køyrepose, gensar og jakke

Har fått nokre bilete av ting eg har strikka før eg byrja å blogge.

Fyrst ut er ein køyrepose som eg strikka til tantejenta vår. Rask og enkel  strikke.

Fakta:
Garn: Freestyle (akkurat denne rosafargen er utgått, hadde akkurat nok til å få den ferdig)
Mønster: Dalegarn - Strikkedesign til baby nr 203

Så ein lilla gensar som er strikka til same jenta. Gensaren er strikka i størrelse to år. Eg synest den vart litt for vid. Fann i farten ikkje mønsteret eg har brukt.


Til slutt jakken ho fekk til jul. Brukte tre kveldar på denne jakken. To kveldar til strikking og ein til å feste trådar og sy i knappar. Det går fort med tjukke pinnar og tjukt garn.


Fakta: 
Garn: Alfa
Mønster: Sandnesgarn mixbarn 0902

3 kommentarer:

  1. Så flink du er, Marianne! Likte spesielt godt den nederste jakka, den trur eg nok frøkna her i huset skal få til hausten!
    Klem frå Janne Siren

    SvarSlett
  2. Så kjekt at du har starta blogg! Flink å strikke, altså!

    SvarSlett
  3. Janne Siren: Takk, takk:)
    Arnhild: Ja måtte prøve meg litt. Har vore inne og sett på bloggen din og, skulle ønske eg kunne sy:)

    SvarSlett