lørdag 24. mai 2014

Clover Earflap Hat

Har ikkje heilt komme i gang att med strikkinga på mariusjakken, sidan det ikkje heilt er årstida for tjukke strikkejakker no. Har egentleg bestemt meg for at den skal få bli bilstrikk i sommar. 
Då er det mykje kjekkare å strikke småting som blir kjapt ferdig. Sat og såg litt på ulike bloggar og instagram og fann mange bilete av Clover Earflap Hat. Byrja å strikke den og fann ut at den kunne passe fint saman med bunaden til veslejenta på 17. mai.

Fakta:
Mønster: Clover Earflap Hat
Garn: Fin fra DSA


lørdag 3. mai 2014

Hekla gryteklutar i vaffelmønster

Eg held på å strikke mariusjakke til mannen, det tek litt tid, så eg må ha litt småarbeid innimellom. Såg litt på nett og fann nokre gryteklutar eg fekk lyst til å prøve.
Oppskrifta fann eg her.
Eg brukte mandarin naturell og heklenål 3,5.
Kunne kanskje ha lagt opp litt fleire maskar slik at klutane hadde vorte litt større.


mandag 7. april 2014

Flettepute

Eg har lenge tenkt å strikke pute til å ha i sofaen og no har eg endeleg fått gjort det. Fann oppskrift her. Brukte smart garn som eg hadde liggande. Fann berre 45x45 pute på butikken, den var litt stor, men fekk no stappa den inni.



tirsdag 25. mars 2014

Angry birds sokkar

Fekk litt inspirasjon til å strikke sokkar etter eit besøk på naboen sin blogg.
Strikka vanlege raggsokkar i barnestørrelse, og har sydd på auger med maskesting etterpå.

Sokkane er strikka i sterk. Nok ein gong er junior på 3 år mottakaren. Skal bli eit par til minstejenta og etterkvart.





mandag 24. mars 2014

Pulsvarmar til barn (oppskrift)

Eldstemann såg at eg tok på meg pulsvarmarar når vi skulle ut å leike i førre veke. Då kom bestillingen kjapt. "Eg vil ha sånn. Blå! Ikkje rosa."

Då var det berre å finne fram pinnar og garn og setje igang.

Oppskrift: (passar min 3 1/2 åring heilt perfekt)
Eg nrukte restar av sandnes merino ull.

La opp 24 maskar på pinne 3,5. Strikka 2 vridd rett, 2 vrang i ca 6 cm. Strikk glattstrikkvidare. På første omgang auka eg 6 maskar.
Strikk i ca 3,5 cm, sett dei 4 første maskane på ein tråd, legg opp 4 nye maskar over. Strikk vidare i glattstrikk i 2 cm. Strikk 1,-2 cm med 2 vridd reett og 2 vrang, fell laust av.

Ta opp dei 4 maskane på tråden og strikk opp 6 til. Desse skal bli tommel. Strikk 4 omgangar glattstrikk, deretter 2 omgangar med 1 rett 1 vrang. Fell laust av. Fest alle trådar.

søndag 2. mars 2014

Spiderman sitjeunderlag

Junior har spurt meg om eg kan strikke spiderman lue til han. Han fekk sjå på bilete på nett for å finne ut kva lue han ville ha. Medan han sa og såg, ubraut han plutseleg: "Se då mamma, den var kul, sånn vil eg ha." Han hadde funne eit spiderman sitjeunderlag. Heldigvis fann eg oppskrift så då var det berre å setje i gang. Fargen er mest nøyaktig på det øverste bilete.


 
Fakta:
Garn: Fritidsgarn
Oppskrift: fann eg på denne bloggen

lørdag 1. mars 2014

Mariusdress

Har laga enno ein Mariusdress. Denne er strikka i sisu, størrelse 1 år. Oppskrift frå Marius strikkeboka.
Denne gongen brukte eg ein anna framgangsmåte på monteringa. Fann flott forklaring på framgangsmåte med bilete på denne bloggen. Kjem til å bruke den igjen om eg skal strikke fleire dressar.