tirsdag 21. januar 2014

Monsterbukse

3-åringen måtte ha ny ullbukse til barnehagebruk. Han fekk velje mellom monsterbukse og ribbestrikka bukse og då var svaret monsterbukse. Mor jubla stille.. går mykje kjappare å strikke ei stripete monsterbukse enn desse keisame ribbene.
Har brukt same oppskrift som tidlegare, funne på denne bloggen.
Strikka buksa i Sisu.





søndag 5. januar 2014

Hals til meg sjølv

Har lenge tenkt å strikke ein hals til meg sjølv, og i juleferien gjorde eg det endeleg. Hadde to nøster med puno liggjande som eg ikkje visste kva eg skulle bruke til. Leita litt rundt etter oppskrifter. Fann til slutt ei oppskrift på eit skjerf på pickles sine sider. Strikka som skjerf, men sydde den saman tilslutt. Viss det blir fleire ville eg nok ha strikka den litt lengre, men slik vart det no når eg berre hadde to nøster og garnbutikken var langt vekk.

Oppskrift: på pickles sine sider


Lue med mønster

Mormor ynskte seg ei lue som eg har strikka før, men ho ville ha den i kvitt. Då var det jo ganske enkelt å finne ut kva ho skulle få til jul.
Lua er strikka i Drops Baby Alpaca Silk. Mønsteret fann eg her. Lua heiter "Sweet Caroline".


lørdag 30. november 2013

Trekk til tennbrikettboks

Denne oppskrifta fann eg ein kveld eg såg litt på forskjellige bloggar. Eg har faktisk allereie strikka tre stykk, men dei to fyrste vart pakka inn før eg kom på å ta bilete av dei. Dei to andre var i grått og kvitt.

Fakta:
Garn: Alpakka soft frå Nille
Oppskrift: fann eg på denne bloggen




Nisseluer

Eg har strikka nisselue til begge ungane. 3- åringen kjem nok til å bruke si. Han prøvde ei kjøpt nisselue frå ifjor tidlegare i haust, og eg fekk beskjed om at den klødde. Ho på snart får spare si til neste år. Alt som ikkje er knytta fast vert rive av med ein gang. Nesten i allefall, eg rakk så vidt å ta nokre bilete av dei før lua for av.

Fakta:
Garn: Sandnes merino
Oppskrift: fann eg på denne bloggen. På eitt-åringen si lue la eg opp 88 maskar i staden for hundre, og strikka då berre 20 maskar før eg strikka 2 samane når eg byrja å felle.



søndag 20. oktober 2013

Vottar, hue og lyslykt

Eg har fått strikka litt i det siste, sjølv om det har vore stilt på bloggen. Eg byrja å jobbe att i september, så den siste tida har vore ganske travel.
Har strikka 3 stk av denne hua, men dei to andre vart gitt vekk før eg hugsa på å ta bilete av dei.




Fakta:
Garn: Fin frå DSA
Mønster: Luer med øreklaffer av Marte Helgetun

Har også strikka ei lyslykt, mønster til den fann eg her.


Julekjole til veslejenta

Eg fekk lyst til å lage julekjolen til vesla sjølv. Såg på litt ulike kjolar,men enda opp med denne.





Fakta:
Garn: Dale Lille Lerke
Mønster: Dale garn baby nr 277