fredag 27. januar 2012

Ole Brumm

Har strikka ein Ole Brumm gensar til minien i heimen. Denne gensaren har eg strikka 3 eksemplar av tidlegare, og var vel eigentleg ikkje tenkt å lage fleire av den, MEN det hugsa eg ikkje før eg var byrja å strikke. På mønsteret nederst på gensaren og armane er omtrent alle fargane med. Gensaren skal og strikkast i fire delar. Så dette er definitivt siste gang den vert laga

Når eg har laga den før har eg fått nokon til å sy på auger, munn og nase, men denne gangen gjorde eg det sjølv. Er ikkje heilt fornøgd med resultat, men, men.


Fakta:
Garn: Freestyle
Mønster:Ole Brumm - Dalegarn

1 kommentar: