onsdag 18. april 2012

Kjøkkenklutar

Har fått laga meg nokre kjøkkenklutar innimellom dei andre prosjekta mine. Fint arbeid å ha når vi køyrer bil. Den siste kluten vart til nåre var på strikkekafe for  fyrste gang i i går kveld. Var med naboen på strikkekafe på To damer i Florvåg.



Fakta:
Mørkeblå: hekla i gjestal bomull sport med heklenål 3,5. La opp eit passe antal luftmaskar og hekla fm i bakre ledd til nøstet var brukt opp.
Lyseblå: Den i midten er strikka, 1. p, 1 rett 1 vrang, 2. p, rett, den andre er hekla slik som den mørkeblå. Begge dei to lyseblå er hekla i mandarin petit.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar