torsdag 17. januar 2013

Luer

Har no begynt på permisjon og går heime og ventar. Då er det greit å ha noko å gjere på. Etter jul har det vorte eit par med gryteklutar og to luer. Har også ein gensar til meg sjølv på pinnane. Men med pinne  8 og tynt garn, kan eg ikkje strikke på den heile tida, då byrjar venstre armen å krangle litt.

Gryteklutane fann eg på drops sine sider. Dei er hekla i drops paris. Gryteklutane er hekla i to lillafargar, men dei kjem ikkje rett fram på bilete. Målet mitt for det kommande året er å ta meg betre tid med fotograferinga,  slik at bileta forhåpentlegvis vert betre.



Dei to luene er strikka etter same oppskrift, men pynta på ulike måtar. Oppskrifta har eg funne på denne flotte bloggen.



Denne lua er til ei lita jente på 3 år, og måtte sjølvsagt pyntast med hekla blomst og ein liten hjerte knapp.



Når eg strikka på jentelua fekk eg spørsmål frå poden om det var hans lue. Då måtte eg sjølvsagt late ei til han og. Pynten på lua har han plukka ut sjølv, ein favoritt for tida.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar