torsdag 18. september 2014

Mariusjakke med glidelås

No er endeleg mariusjakken til mannen ferdig! Jakken var ferdig strikka i sommarferien, men har blitt liggande ei stund. Tanken på å sy i glidelås var litt skummel, sidan eg ikkje har gjort det før. Det vart litt prøving og feiling, men det var ikkje så vanskeleg som eg trudde. 
Sydde først med maskin framme og der armane skulle vere, sydde i armane, maska saman skuldrane og strikka kant.
Deretter sydde eg fast glidelåsen for hand med to saumar på kvar side.





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar