søndag 15. september 2013

Rullegensar

I tillegg til bestefarstrøya og ribbebuksa fekk nevøen vår ein rullegensar. Var att litt brunt frå buksa, også supplerte eg med litt lyseblått. Bestefarstrøya er i størrelse 2 år og passar nok denne vinteren. Buksa kjem nok til å vare litt lengre, så rullegensaren laga eg i størrelse 4 år. Prøvde den på tre åringen vår og den passa perfekt.

Fakta;
Garn: sisu
Mønster: oppskrift frå boka"Strikk til nøstebarn"
Størrelse: 4 år



lørdag 7. september 2013

Bestefarstrøyer

I vinter ga eg vekk eit gavekort på strikka klede til barnehagestart i navnefest gåve. Mora fekk velje kva ho ville ha og kva fargar det skulle vere. Settet har eigentleg vore ferdig ei stund, men så var det trådfesting, knappar og lappar som skulle festast og det har teke si tid. Fann ut at bestefarstrøya var så fin at eg ville lage ei til junior her i huset også.

Fakta:
Garn: alt er strikka i sisu
Mønster: frå boka "Strikk til nøstebarn"
Knappane til den minste trøya er frå Snella og Petronella. Knappane til den største er kjøpt på "To damer".






onsdag 28. august 2013

Sokkar

Innimellom alle andre prosjekt har det vorte nokre sokkepar. Mamma og pappa hadde kjøpt seg garn frå Du store alpakka og eg fekk bestilling på sokkar. Då var det berre å få sokkane unna, slik at eg kunne fortsetje med andre prosjekt.

Mamma fekk marius sokkar. Mønster frå Mariusboka, strikka i Sterk frå DSA.




Pappa fekk "The autumn kozy socks for men", også strikka i Sterk frå DSA.




torsdag 22. august 2013

Mariusdress

Eg skal bli tante i september/oktober og då må eg jo sjølvsagt strikke litt. Starta fyrst på eit teppe, men innsåg ganske fort at det ikkje kom til å bli ferdig i tide. Teppe og meg er ingen god kombinasjon. Kjøpte Mariusboka og sat og bladde litt i den, så då vart det ein mariusdress som kom på pinnane.



Fakta:
Mønster: frå mariusboka
Garn: sisu
Størrelse: 6 mnd

fredag 5. juli 2013

Hekla klut med stjerne oppskrift

Eg har jo etterkvart hekla ein del oppvaskklutar, flott bil hekling og tv hekling. Her ein dag såg eg nokre fine gryteklutar som var hekla med ei stjerne på, og tenkte at dette må eg kunne gjere med klutane mine.
Sette meg ned i gårkveld og teikna mønster på stjerna. Teikna ein del stjerner før eg kom fram til det endelege mønsteret.
Har som vanleg brukt gjestdal bomullsport, stjerna er ein rest av eit eller anna bomullggarn eg hadde liggande. 

Eg starta med å hekle 46 lm. Stikk nåla ned i den 2. masken frå nåla og hekle fm tilbake. Snu med ein lm, hekle fm tilbake, men stikk nåla berre nedi bakre ledd. i den siste fm på rada stikk eg gjennom heile masken.
Eg hekla 9 rader før eg byrja med stjerne mønsteret. Når eg startar på mønsteret heklar eg 16 fm med botnfargen før eg byter farge.




onsdag 3. juli 2013

Kjole til prinsessa

Den lokale garnbutikken To damer, har laga ferdige materialpakkar til ein kjole til små jenter. Livet og kanten nede på kjolen er hekla. 





tirsdag 2. juli 2013

Babysokkar

Som dei fleste som strikkar har eg alltid litt for mykje garn som ikkje er brukt. Har blant anna nokre nøste med babyull. Dei er fine til å lage babysokkar av. Dei går fort å lage, får brukt opp litt garn og er fint "bilstrikk".
Har strikka to par og desse har fått blå hjerteknappar som pynt.
Oppskrifta fann eg på denne bloggen. Har nokre slike par sjølv og dei vert sitjande på små sprellande føter.