mandag 1. april 2013

Traktorhue og litt til

Det har vorte produsert litt i påskeferien og, så her kjem noko av det som vart laga. Resten ventar på trådfesting og damping...det er så kjekt!

Sonen i huset er ganske så interessert i traktorar og påsken har i år vore i Fresvik hjå bestn, og då må me ha traktorhue, og traktoren kan ikkje vere noko anna enn raud. Når hua var ferdig fekk eg bestilling på ei til mannen og.




Mønsteret til hua fann eg på denne bloggen. Brukte drops merino extra fine på denne lua og.

Ferien var som sagt i Fresvik og i løpet av ferien tikka det inn ei bestilling på trekk til tennbrikkett bokse n frå mor i huset. Då vart det ein runde på nett for å finne oppskrift og ein tur i garnlageret for å finne passande garn. Resultatet var dette trekket.



Hovudfargen på boksen er eit nøste smart, mønsterfargane er ukjende. Mønsteret fann eg på denne bloggen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar