torsdag 25. april 2013

Vimplar

Denne veka har eg rydda og måla rommet til junior. Då måtte han og få noko nytt å henge på veggen. (Det har vel egentleg ikkje vore så mykje på veggane i det heile.)
Kjøpte stoffet på Stoff og Stil og har laga ei vimpelrekkje som skal henge over senga hans. Har og laga ei til veslesøster som ho skal ha over senga når ho skal flytte inn på rommet.
Kjøpte litt forskjellig stoff og hadde noko liggjande. Laga ein mal og klipte ut trekantar, som eg sydde saman rette mot rette, deretter sydde eg dei saman med band. Det vart litt mange trekantar så då vart det fire vimpelrekker. Må bestemme meg for kven dei skal ha så kjem det bilete frå rommet etterkvart.






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar