mandag 31. desember 2012

Godt nytt år!

Her kjem årets siste innlegg frå denne kanten. I dette innlegget er det nokre julegåver som skal bloggast.

Fyrst ut ei pute strikka i easy garn med pinne nr 15. 

Hekla også tre par med gryteklutar i drops paris. Oppskrifta fann eg her. Hekla i forskjellige fargar,men hugsa berre å ta bilete av eit av para.


Har også hekla eit par med oppvaskklutar. Deier som vanleg hekla i gjestal bomull sport.






søndag 11. november 2012

Kveldens prosjekt

Har ei stund tenkt på at eg skulle prøve å sy ei veske. Har leita litt rundt på nettet etter ei enkel og grei oppskrift. Eg enda til slutt opp med denne veska.




Oppskrifta fann eg på denne sida. Den engelske oppskrifta var ikkje så vanskeleg å forstå, og med litt hjelp av youtube videoen tok det ikkje så lang tid heller.

Småstrikk

Eg har både strikka og sydd litt i det siste, men har hatt eit kamera tomt for batteri og ikkje funne ladaren. No har eg funne det gamle kameraet mitt og fått lada det opp, så då vart det litt bilete.

Fyrst ut tre korger i julestoff. Stoffet er som vanleg kjøpt på stoff og stil. Den eine har raude stjerner både inni og utanpå, ein har grøne stjerner og den siste er raud utanpå og grøn inni.


Elles har eg strikka to små luer i drops alpakka.


Oppskrifta til denne lua fann eg på denne bloggen.



 Denne lua heiter "Sweet Caroline" og eg fann oppskrifta på denne sida.

Eit par med vottar ar det også vorte. Oppsrifta er henta frå boka "Strikk til nøstebarn". Slike skal det bli fleire av, må berre ut og kjøpe meir garn fyrst.


Til slutt har eg laga nokre fleire lyslykter og pynta dei med band.


Bandet på lykta til venstre er eigentleg meir lilla enn det ser ut på bilete, men slik blir det med gamalt kamera.





torsdag 25. oktober 2012

Brødkorg og julestrømpe

Også denne julestrømpa har vore ferdig ei lita stund. Så var det dette med toving som har teke litt tid, men no er den ferdig.
Mønsteret fann eg i same blad som puta eg skreiv om i eit tidlegare innlegg.



Fakta:
Garn: fritidsgarn
Mønster: SandnesGarn Marius, tema 29

Har også prøvd meg på litt meir sying. Denne gongen vart det ei korg frå syboka "Made by Me". Måtte sy eit "prøveeksemplar" fyrst. Var litt for rask med klippinga, og hadde gjort feil, så den måtte eg berre forkaste. Men denne gongen gjekk det mykje lettare og raskare. Blir nok fleire av desse. Har kjøpt noko julestoff på stoff og stil som eg har tenkt å prøve ut på korgen og.

Stoffet til denne korga er også kjøpt på stoff og stil.



mandag 22. oktober 2012

Monsterbukse

Har laga ei ny monsterbukse, jentefargar denne gongen.


Mønster er som før frå denne bloggen. Har strikka i sisu, på pinne 2,5.

søndag 21. oktober 2012

Julestrømpe

Har litt tidlegare i haust strikka ei julestrømpe med tjukt garn og tjukke pinnar. I helga vart den endeleg tova og fekk litt pynt på seg. Så no er den klar for blogging.



Til strømpa brukte eg to nøster med fritidsgarn. Oppskrifta fann eg på denne bloggen.

onsdag 17. oktober 2012

Arne & Carlos lue til mannen

Har vore ute og leika med minstemann dei siste dagane, og kjenner at det har vorte kaldare ute. Mannen i huset har ikkje/fann ikkje hua si. Så på strikkekvelden på To damer i går leita eg fram eit Arne og Carlos lue mønster.



Mønsteret heiter "Lue med Space Invader-mønster",og er laga for Dale Garn. I oppskrifta er det brukt Freestyle, men eg prøvde eit nytt garn som heiter Cotinga.

søndag 14. oktober 2012

Dress til tanteguten

Har fått ein tantegut no i haust, og då må han sjølvsagt få noko heimestrikka. Oppskrifta til dressen fann eg her. Brukte Babysilk frå du store alpakka, i staden for garnet som står i oppskrifta etter tips frå butikken, om at garnet i oppskrifta har lett for å bli nuppete.
Har strikka dressen i størrelse 6 mnd, slik at han kan bruke den i vinter.



søndag 30. september 2012

Kjole

Har laga enno ein av klinkekult sine kjolar. Denne gongen ei bursdagsgåve. Kjolen er laga i mørk blå dongeri og eit bomullstoff frå Stoff og Stil.
Denne gongen pynta eg kjolen med ein liten hjertknapp.



Marius pute

På forrige strikkekveld på To damer, kjøpte eg meg eit hefte med diverse Marius mønster i. Fyrste på pinnane derifrå vart ei Marius pute. 
På bilde har trekket fått plass utanpå ei sofapute, såeg må ut og  kjøpe ei pute før eg kan sy att i botnen og den er heilt ferdig. Har også fått mg merkelappar til å sy på det eg lagar.



Fakta: 
Mønster: Sandnesgarn Marius
Garn: strikka med dobbel tråd sisu

søndag 16. september 2012

Julepynt

Såg for ei tid sidan ein link som To damer hadde lagt ut, med oppskrift på lyslykt. Fann ut at det måtte prøvast, og kjøpte inn garn. Mønsteret var enkelt og lykta vart laga på ei lita kveldsstund.

Har tenkt å ha eit lilla band på lykta, men var dette eg hadde i skuffene akkurat no.



Fakta:
Mønster: på Ravelry
Garn: Lille lerke
Band kjøpt på stoff og stil (trur eg, er ei stund sidan det vart kjøpt)

Sminkepungar/myntpungar

Starta på fleire pungar då eg var heime i sommar, men vart ikkje ferdig. Er no godt i gang på jobba att, og ting byrjar å verte litt rolegare. Då vert det litt meir tid til hobby og, så no har sminkepungane fått glidelås og er ferdigstilte.

Stoffet til desse er også kjøpt på stoff og stil.


torsdag 23. august 2012

Vognpose

Har strikka ein vognpose til veslejenta som kjem i januar. Starta på den før vi visste om det var jente eller gut, så har tenkt å pynte den litt. Det får komme etterkvart.




Blei dårlege bilete, men dette var dei beste...

Fakta:
Mønster: Lanett baby (sandnes garn) 1013 0-4 år
Garn: lanette

onsdag 8. august 2012

Klinkekul kjole

Sydilla tok  meg litt i ferien, så når eg kom heim att bar det rett ut for å kjøpe meg ei symaskin. Fyrste produkt laga på maskina er ein kjole til meg sjølv. Mønsteret har eg henta frå boka "Made by me", som er ei bok der forskjellige bloggarar har bidrege med oppskrifter/mønster.
Kjolen eg har laga heiter sukkertøykjole a la klinkekult.




Kjolen er størrelse medium, men eg laga overdelen litt større enn mønsteret. 
Stoff kjøpt på stoff og stil.



onsdag 1. august 2012

Blå sokkar

Her kjem endå eit par med baby sokkar. Blå denne gongen, til ein liten gut som kjem i september/oktober :)




Oppskrifta er som før funne her. Også denne gongen har eg brukt Dale baby ull.



søndag 22. juli 2012

Baby sokkar

Har strikka eit par av desse før som vart gitt vekk i gave. Har no strikka eit nytt par til ein/ei som kjem i januar :)
Kjappe og enkle sokkar å strikke, og gode å bruke.



Oppskrifta fann eg her. 
Til desse sokkane har eg brukt Dale babygarn.

onsdag 18. juli 2012

Huer og panneband

Har sydd litt i dag og. Har starta på nokre nye pungar, men manglar glidelås. Då var det å gå over til neste prosjekt, huer til mini. Når huene var ferdige kom det ynskje frå mannen om panneband til syklinga. Så då var det berre å setje i gang med det og:)


Stoffet til desse er også frå Stoff og Stil.





tirsdag 17. juli 2012

Zaggy baggy bukser og ein myntpung til

Buksa som eg skreiv om i går, heng framleis til tørk, men eg laga ei til i dag, den er populær hjå mini. Har også laga ein sminkepung/myntpung til. Neste innkjøp vert nok ei symaskin. Var kjekt dette:)




Mønsteret til buksa fann eg på denne bloggen. Stoffet er frå Stoff og Stil.




mandag 16. juli 2012

Har brukt symaskina att

Som lærar har eg lang ferie, og no er vi på ferie heime hjå ho mor. Då har eg nytta anledningen til å låne symaskina. Har laga ei bukse til mini, den vart teken i bruk med ein gang men uten bleie, så bilde kjem når den er vaska og tørka.


I kveld har eg langa ein liten sminkepung/pengepung. Oppskrifta eg har brukt fann eg på denne bloggen. Stoffet som er brukt har eg kjøpt på Stoff og Stil.




søndag 10. juni 2012

Så min kjole


Har også fått tid til å gjere ferdig ein liten kjole. Den var nesten ferdig, også oppdaga eg at den var altfor vid, og måtte ta opp igjen over halvparten. Der fekk eg igjen for å ikkje strikke prøvelapp. Men er ikkje alltid eg og oppskriftene til dale er heilt eining. Fann ut at eg hadde hatt same problemet tidlegare med ei anna oppskrift i same heftet.







Fakta:
Garn: Dale baby ull
Mønster: Strikkedesign til baby nr 210

Meir kjøkkenklutar

Mitt i bryllupsførebuingar og gjennomføring har det ikkje vore tid til så mykje hobby, men litt har det vorte. Har hekla nokre fleire kjøkkenklutar, arbeid som ikkje krev noko spesielt tankevirksomheit.




Fakta:
Garn: Gjestdal bomull sport
Nål: 3,5
Legg opp ca 40-45 luftmaskar, og hekle fastmaskar i bakerste ledd til nøstet er brukt opp.

lørdag 28. april 2012

Bryllupspynt

Har dei siste vekene halde på med å strikkebryllupspynt. Har ei eit tidlegare innlegg vist eit  eksemplar. No har det vorte fleire og ei eit anna garn.
Har til no strikka "trekk" til åtte  glas, men har enno ein ladning med tomme glas att før eg er ferdig.