Viser innlegg med etiketten barn. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten barn. Vis alle innlegg

torsdag 23. oktober 2014

Traktor gensar

Eg har i løpet av sommaren og hausten laga to traktor gensarar. Den blå er i størrelse 4 år og den kvite/rosa er i størrelse to år.
Fakta:
Mønster: Gratis mønster på Sandnes sine nettsider.
Garn: Sandnes Merinoull







søndag 28. september 2014

Barnehagevottar

Etter flytting i sommar fann eg ut at eg har litt garn som må brukast opp. Fann litt smart garn som eg tok med på ferie og strikka barnehagevottar til begge ungane. 
Desse var veldig kjappe å strikke. Sydde på første bokstaven i namnet deira med maskesting. Fekk brukt opp to nøster med smart.
Oppskrifta fann eg her.





fredag 29. august 2014

Lang sommarpause

Her vart det ein lang sommarpause frå blogginga. Eg har strikka, men med flytting til nytt hus, salg av hus og ferie så har det ikkje vorte tid eller overskot til blogging. Har ein del som kan visast fram, men vi får ta det litt etterkvart.
Har hekla og sydd tre dalekjolar. 2 stk i størrelse 2 år og ein i størrelse 4 år. Den eine i to år ga eg vekk før eg fekk teke bilete av den.
På den største kjolen la eg opp maskar etter størrelse 3 år, men brukte heklenål nr 3,5.

Fakta:
Mønster: dale kjole
Garn: Vipe
Stoff: kjøpt på panduro.


lørdag 24. mai 2014

Clover Earflap Hat

Har ikkje heilt komme i gang att med strikkinga på mariusjakken, sidan det ikkje heilt er årstida for tjukke strikkejakker no. Har egentleg bestemt meg for at den skal få bli bilstrikk i sommar. 
Då er det mykje kjekkare å strikke småting som blir kjapt ferdig. Sat og såg litt på ulike bloggar og instagram og fann mange bilete av Clover Earflap Hat. Byrja å strikke den og fann ut at den kunne passe fint saman med bunaden til veslejenta på 17. mai.

Fakta:
Mønster: Clover Earflap Hat
Garn: Fin fra DSA


tirsdag 25. mars 2014

Angry birds sokkar

Fekk litt inspirasjon til å strikke sokkar etter eit besøk på naboen sin blogg.
Strikka vanlege raggsokkar i barnestørrelse, og har sydd på auger med maskesting etterpå.

Sokkane er strikka i sterk. Nok ein gong er junior på 3 år mottakaren. Skal bli eit par til minstejenta og etterkvart.





mandag 24. mars 2014

Pulsvarmar til barn (oppskrift)

Eldstemann såg at eg tok på meg pulsvarmarar når vi skulle ut å leike i førre veke. Då kom bestillingen kjapt. "Eg vil ha sånn. Blå! Ikkje rosa."

Då var det berre å finne fram pinnar og garn og setje igang.

Oppskrift: (passar min 3 1/2 åring heilt perfekt)
Eg nrukte restar av sandnes merino ull.

La opp 24 maskar på pinne 3,5. Strikka 2 vridd rett, 2 vrang i ca 6 cm. Strikk glattstrikkvidare. På første omgang auka eg 6 maskar.
Strikk i ca 3,5 cm, sett dei 4 første maskane på ein tråd, legg opp 4 nye maskar over. Strikk vidare i glattstrikk i 2 cm. Strikk 1,-2 cm med 2 vridd reett og 2 vrang, fell laust av.

Ta opp dei 4 maskane på tråden og strikk opp 6 til. Desse skal bli tommel. Strikk 4 omgangar glattstrikk, deretter 2 omgangar med 1 rett 1 vrang. Fell laust av. Fest alle trådar.

søndag 2. mars 2014

Spiderman sitjeunderlag

Junior har spurt meg om eg kan strikke spiderman lue til han. Han fekk sjå på bilete på nett for å finne ut kva lue han ville ha. Medan han sa og såg, ubraut han plutseleg: "Se då mamma, den var kul, sånn vil eg ha." Han hadde funne eit spiderman sitjeunderlag. Heldigvis fann eg oppskrift så då var det berre å setje i gang. Fargen er mest nøyaktig på det øverste bilete.


 
Fakta:
Garn: Fritidsgarn
Oppskrift: fann eg på denne bloggen

lørdag 1. mars 2014

Mariusdress

Har laga enno ein Mariusdress. Denne er strikka i sisu, størrelse 1 år. Oppskrift frå Marius strikkeboka.
Denne gongen brukte eg ein anna framgangsmåte på monteringa. Fann flott forklaring på framgangsmåte med bilete på denne bloggen. Kjem til å bruke den igjen om eg skal strikke fleire dressar.


tirsdag 21. januar 2014

Monsterbukse

3-åringen måtte ha ny ullbukse til barnehagebruk. Han fekk velje mellom monsterbukse og ribbestrikka bukse og då var svaret monsterbukse. Mor jubla stille.. går mykje kjappare å strikke ei stripete monsterbukse enn desse keisame ribbene.
Har brukt same oppskrift som tidlegare, funne på denne bloggen.
Strikka buksa i Sisu.





lørdag 30. november 2013

Nisseluer

Eg har strikka nisselue til begge ungane. 3- åringen kjem nok til å bruke si. Han prøvde ei kjøpt nisselue frå ifjor tidlegare i haust, og eg fekk beskjed om at den klødde. Ho på snart får spare si til neste år. Alt som ikkje er knytta fast vert rive av med ein gang. Nesten i allefall, eg rakk så vidt å ta nokre bilete av dei før lua for av.

Fakta:
Garn: Sandnes merino
Oppskrift: fann eg på denne bloggen. På eitt-åringen si lue la eg opp 88 maskar i staden for hundre, og strikka då berre 20 maskar før eg strikka 2 samane når eg byrja å felle.



søndag 20. oktober 2013

Vottar, hue og lyslykt

Eg har fått strikka litt i det siste, sjølv om det har vore stilt på bloggen. Eg byrja å jobbe att i september, så den siste tida har vore ganske travel.
Har strikka 3 stk av denne hua, men dei to andre vart gitt vekk før eg hugsa på å ta bilete av dei.




Fakta:
Garn: Fin frå DSA
Mønster: Luer med øreklaffer av Marte Helgetun

Har også strikka ei lyslykt, mønster til den fann eg her.


Julekjole til veslejenta

Eg fekk lyst til å lage julekjolen til vesla sjølv. Såg på litt ulike kjolar,men enda opp med denne.





Fakta:
Garn: Dale Lille Lerke
Mønster: Dale garn baby nr 277


lørdag 7. september 2013

Bestefarstrøyer

I vinter ga eg vekk eit gavekort på strikka klede til barnehagestart i navnefest gåve. Mora fekk velje kva ho ville ha og kva fargar det skulle vere. Settet har eigentleg vore ferdig ei stund, men så var det trådfesting, knappar og lappar som skulle festast og det har teke si tid. Fann ut at bestefarstrøya var så fin at eg ville lage ei til junior her i huset også.

Fakta:
Garn: alt er strikka i sisu
Mønster: frå boka "Strikk til nøstebarn"
Knappane til den minste trøya er frå Snella og Petronella. Knappane til den største er kjøpt på "To damer".






tirsdag 2. juli 2013

Babysokkar

Som dei fleste som strikkar har eg alltid litt for mykje garn som ikkje er brukt. Har blant anna nokre nøste med babyull. Dei er fine til å lage babysokkar av. Dei går fort å lage, får brukt opp litt garn og er fint "bilstrikk".
Har strikka to par og desse har fått blå hjerteknappar som pynt.
Oppskrifta fann eg på denne bloggen. Har nokre slike par sjølv og dei vert sitjande på små sprellande føter.                     



mandag 1. juli 2013

Zaggy baggy bukse med lommer

I fjor sommar prøvde eg meg på å lage ei zaggy baggy bukse til junior. Vart ikkje heilt fornøgd med den, ribben var blant anna altfor tjukk. Men i mellomtida har eg fått trent meg litt på syinga, og har prøvd meg på buksa igjen. Har avansert litt og prøvd meg på lommer for fyrste gang. tutotial og mønster fann eg på denne bloggen.
Stoffet er kjøpt på stoff og stil.
Buksa er prøvd, brukt i dag og godkjent :) Mannen i huset var litt bekymra for at junior skulle vekse fort og at buksa vert for liten.


tirsdag 18. juni 2013

Sneglar

Junior på 2,5 år er ganske så interessert i sneglar. Sneglar med og utan hus vert plukka i bøtte og samla opp. Sneglane med hus vert gjerne putta i lommene, (og ja vi kan ikkje gå ut av huset i bukser som ikkje har lomme). Heldgivis for sneglane har dei stort sett "flytta" ut av huset før det vert lagt i lomma.
Eg er medlem i diverse bokklubbar og då hender det jo at ein gløymer å avbestille nokre bøker. Ei av desse bøkene var "75 fugler, sommerfugler og små dyr". I denne fann eg oppskrifta på desse to sneglane, som vart godt mottekne, eg har i tillegg fått bestilling på mykje anna frå boka. Blant anna edderkoppar, flygebiss (fluger og vepsar) og manehøne.