Viser innlegg med etiketten strømper. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten strømper. Vis alle innlegg

onsdag 1. august 2012

Blå sokkar

Her kjem endå eit par med baby sokkar. Blå denne gongen, til ein liten gut som kjem i september/oktober :)




Oppskrifta er som før funne her. Også denne gongen har eg brukt Dale baby ull.



søndag 22. juli 2012

Baby sokkar

Har strikka eit par av desse før som vart gitt vekk i gave. Har no strikka eit nytt par til ein/ei som kjem i januar :)
Kjappe og enkle sokkar å strikke, og gode å bruke.



Oppskrifta fann eg her. 
Til desse sokkane har eg brukt Dale babygarn.

søndag 8. april 2012

Strømper med mønster

Såg for ei stund sidan nokre fine strømper på drops design, og var ute og kjøpte garn. Garnet vart liggjande ei stund, men rett før påske byrja eg på strømpene, og dei vart ferdige i løpet av påsken. fekk då bestilling frå ho mor på slike strømper, men ho ville ha dei i blått. Så då var det berre å kjøpe garn og setje i gang. No er også dette paret ferdig.
Har ikkje heilt bestemt meg for om eg skal behalde dei brune sjølv eller om dei skal i gje vekk kassen.




Fakta:
Mønster: mønster fann eg på drops design sine sider
Garn (dei brune): Drops Karisma
Garn (dei blå): Viking Alpaca Sport
Pinnar: 2,5 og 3,5