mandag 11. mars 2013

Strikka påskeegg






Har strikka nokre påskeegg som skal pynte opp på bordet i stova. Egga har eg strikka etter denne oppskrifta. Mønsteret sydde eg på etterpå etter eige hovud.  Brukte litt forskjellig restegarn av ulik tjukkelse, så då vart det forskjellig størrelse på egga.


lørdag 9. mars 2013

Tulipanar

Har vist fram dette strikke trekket før, men då som lyslykt i bryllupet vårt. Inni trekket er det eit gammalt syltetøyglas, og det kan jo fint brukast som vase og. God søndag til alle som er innom.







torsdag 7. mars 2013

Litt forskjellig

No er det enge sidan forrige blogg innlegg. Har fått laga ein del ting, men tida har ikkje strekt til, så har ikkje fått teke bilete av alt, og ikkje blogga nokon ting. Her kjem i allefall noko av det eg har laga i det siste.

Donut
Kjøpte eit strikkeblad på butikken (Herlig strikk nr. 1, februar 2013), og inni der fant eg nokre oppskrifter på hekla leike kaker. Har til no prøvd meg på denne, som har komme på plass på "kjøkkenet" til eldstemann.Sjølve donuten er hekla i gjestdal bomull sport, den gule og brune pynten var nokre restar eg hadde liggande.



Hekla korger
Mamma ønskte seg hekla korger til å ha på badet. Prøvde meg på nokre tidlegare i vinter, men dei vart litt små. No fann eg oppskrift på nokre litt større korger på G-Anette`s kreativiteter. Korgen er hekla i drops eskimo. Brukte to nøster til korgene.


Uglevottar
Mamma ønskte seg og kvite vottar med fletter på. Eg hadde lyst å prøve denne oppskrifta, så då vart det kvite vottar med ugle på. Mottakaren vart fornøgd og då er eg fornøgd og :) Mørke bilde tatt i full fart, og vottar som ikkje er pressa....