tirsdag 21. januar 2014

Monsterbukse

3-åringen måtte ha ny ullbukse til barnehagebruk. Han fekk velje mellom monsterbukse og ribbestrikka bukse og då var svaret monsterbukse. Mor jubla stille.. går mykje kjappare å strikke ei stripete monsterbukse enn desse keisame ribbene.
Har brukt same oppskrift som tidlegare, funne på denne bloggen.
Strikka buksa i Sisu.





søndag 5. januar 2014

Hals til meg sjølv

Har lenge tenkt å strikke ein hals til meg sjølv, og i juleferien gjorde eg det endeleg. Hadde to nøster med puno liggjande som eg ikkje visste kva eg skulle bruke til. Leita litt rundt etter oppskrifter. Fann til slutt ei oppskrift på eit skjerf på pickles sine sider. Strikka som skjerf, men sydde den saman tilslutt. Viss det blir fleire ville eg nok ha strikka den litt lengre, men slik vart det no når eg berre hadde to nøster og garnbutikken var langt vekk.

Oppskrift: på pickles sine sider


Lue med mønster

Mormor ynskte seg ei lue som eg har strikka før, men ho ville ha den i kvitt. Då var det jo ganske enkelt å finne ut kva ho skulle få til jul.
Lua er strikka i Drops Baby Alpaca Silk. Mønsteret fann eg her. Lua heiter "Sweet Caroline".