tirsdag 18. juni 2013

Sneglar

Junior på 2,5 år er ganske så interessert i sneglar. Sneglar med og utan hus vert plukka i bøtte og samla opp. Sneglane med hus vert gjerne putta i lommene, (og ja vi kan ikkje gå ut av huset i bukser som ikkje har lomme). Heldgivis for sneglane har dei stort sett "flytta" ut av huset før det vert lagt i lomma.
Eg er medlem i diverse bokklubbar og då hender det jo at ein gløymer å avbestille nokre bøker. Ei av desse bøkene var "75 fugler, sommerfugler og små dyr". I denne fann eg oppskrifta på desse to sneglane, som vart godt mottekne, eg har i tillegg fått bestilling på mykje anna frå boka. Blant anna edderkoppar, flygebiss (fluger og vepsar) og manehøne.




torsdag 13. juni 2013

Havskum sokkar med magic loop

Såg eit mønster på sokkar eg hadde lyst til å strikke, og fekk tips frå naboen om eit nytt sandnes garn som heiter alpakka strømpegarn. Mjukt og godt. I tillegg var ho klar til å lære meg å strikke med magic loop. Det skal definitivt brukast på sokkestrikking framover, er så kjekt å vere ferdig med begge sokkane på same tid.
Mønsteret til sokkane finn du her.


Skulle prøve å vise korleis sokkane ser ut på baksida, men er jammen ikkje lett å ta bilete av sine eigne føter.


onsdag 12. juni 2013

Halsar

Etter å ha vore innom bloggen til G-Anette, har eg tenkt ei stund på at eg skulle strikke ein slik hals. No har vi vore på ferie ei veke, og då vart desse halsane ferdige.
Halsen heiter Bandana Cowl og oppskrifta finn du her.

Eg har brukt drops nepal til halsane. På den største brukte eg pinne nr 6 (passar meg) den kvite med striper (passar junior på snart 3) brukte eg pinne nr 4,5 og den kvite brukte eg pinne nr 3,5.