Rommet til junior er som tidlegare nevnt nymåla. Eg har også sydd eit leiketelt til å ha på rommet. Mønsteret og stoffet er kjøpt på stoff og stil, men eg droppa å lage vindauga som var i mønsteret. Teltet er innvia som lesetelt, og eg fekk beskjed om at han vil ha "tre stykkar". Til å sitje på inni teltet har han fått ei matte eg har hekla av eit gammalt dynetrekk, ser etter at det er kome inn i teltet at matta må få nokre omgangar til. Matta er hekla med heklenål nr 10, fastmaskar rundt og auking innimellom.
Denne veka har eg rydda og måla rommet til junior. Då måtte han og få noko nytt å henge på veggen. (Det har vel egentleg ikkje vore så mykje på veggane i det heile.) Kjøpte stoffet på Stoff og Stil og har laga ei vimpelrekkje som skal henge over senga hans. Har og laga ei til veslesøster som ho skal ha over senga når ho skal flytte inn på rommet. Kjøpte litt forskjellig stoff og hadde noko liggjande. Laga ein mal og klipte ut trekantar, som eg sydde saman rette mot rette, deretter sydde eg dei saman med band. Det vart litt mange trekantar så då vart det fire vimpelrekker. Må bestemme meg for kven dei skal ha så kjem det bilete frå rommet etterkvart.