fredag 5. juli 2013

Hekla klut med stjerne oppskrift

Eg har jo etterkvart hekla ein del oppvaskklutar, flott bil hekling og tv hekling. Her ein dag såg eg nokre fine gryteklutar som var hekla med ei stjerne på, og tenkte at dette må eg kunne gjere med klutane mine.
Sette meg ned i gårkveld og teikna mønster på stjerna. Teikna ein del stjerner før eg kom fram til det endelege mønsteret.
Har som vanleg brukt gjestdal bomullsport, stjerna er ein rest av eit eller anna bomullggarn eg hadde liggande. 

Eg starta med å hekle 46 lm. Stikk nåla ned i den 2. masken frå nåla og hekle fm tilbake. Snu med ein lm, hekle fm tilbake, men stikk nåla berre nedi bakre ledd. i den siste fm på rada stikk eg gjennom heile masken.
Eg hekla 9 rader før eg byrja med stjerne mønsteret. Når eg startar på mønsteret heklar eg 16 fm med botnfargen før eg byter farge.




onsdag 3. juli 2013

Kjole til prinsessa

Den lokale garnbutikken To damer, har laga ferdige materialpakkar til ein kjole til små jenter. Livet og kanten nede på kjolen er hekla. 





tirsdag 2. juli 2013

Babysokkar

Som dei fleste som strikkar har eg alltid litt for mykje garn som ikkje er brukt. Har blant anna nokre nøste med babyull. Dei er fine til å lage babysokkar av. Dei går fort å lage, får brukt opp litt garn og er fint "bilstrikk".
Har strikka to par og desse har fått blå hjerteknappar som pynt.
Oppskrifta fann eg på denne bloggen. Har nokre slike par sjølv og dei vert sitjande på små sprellande føter.                     



mandag 1. juli 2013

Zaggy baggy bukse med lommer

I fjor sommar prøvde eg meg på å lage ei zaggy baggy bukse til junior. Vart ikkje heilt fornøgd med den, ribben var blant anna altfor tjukk. Men i mellomtida har eg fått trent meg litt på syinga, og har prøvd meg på buksa igjen. Har avansert litt og prøvd meg på lommer for fyrste gang. tutotial og mønster fann eg på denne bloggen.
Stoffet er kjøpt på stoff og stil.
Buksa er prøvd, brukt i dag og godkjent :) Mannen i huset var litt bekymra for at junior skulle vekse fort og at buksa vert for liten.