mandag 26. mars 2012

Hekla påskekylling

Har berre starta på armane til fanajakka, og manglar meir naturkvit. Har vore travelt på jobb i det siste så eg har ikkje kommemeg avgarde for å kjøpe meir. Så då vert det litt andre små prosjekt. Fann oppskrift på nokre søte små kyllingar på drops design.


Fakta:
Mønster: mønsteret fann eg  her
Garn: restar av Frestyle (derfor har ikkje denne kyllingen fått vinger, var litt for llite gul igjen. Både nebb og bein skulle ha vore oransje, men det hadde eg ikkje i restekorga.)

Denne kyllingen skal få vere med på jobb og pynte opp litt der.

søndag 18. mars 2012

Morosett gensar

Held på med ei fanakofte til mamma, og det tek litt tid. Ferdig med bolen og har nettopp starta på armane no. Før eg starta på armane måtte eg ha eit lite avbrekk og då vart det morosett gensaren til Pickles. har kjøpt garn til bukse og, men den får vi ta når armane er ferdige.


Fakta:
Mønster og garn: Kjøpt på Pickles
Kjekk og rassk gensar å strikke. Den er strikka ovanfrå og ned. Så ingen montering berre nokre trådar å feste. Store moglegheiter for at det vert fleire av denne.


tirsdag 13. mars 2012

Meir bryllupspynt

Har brukt litt av tysdagkvelden til å lage bjørkehjerta eg har tenkt å ha som bordpynt saman med lyktene eg viste i eit tidlegare innlegg. Bjørkeris funne i eigen og tante sin hage. Kjøpte streng og hjartepynt på hagesenteret. No må eg berre finne ein passande plass å lagre dei fram til bryllupet. 





Er ikkje heilt venn med fotoapparatet enno...

søndag 11. mars 2012

Mobiletui


Har i eit tidlegare innlegg vist mobiletuiet eg laga til mobilen min. Var på besøk hjå tanta mi ein laurdag, og då fekk eg bestilling på mobiletui til henna mobil og. Mobilane var like breie, men henna var litt kortare. Laga og ein litt anna blomst på dette etuiet, vart meir fornøgd med denne.




Fakta:
Mønster: etter eige hovud - la opp 24 lm, tok saman med ein km og hekla fm rundt til den hadde rett lengde
Garn: restar

Bordpynt til bryllup?

Lurer på om eg skal ha slike lykter på bordet når me skal gifte oss i mai. Har då tenkt å ha lykter i ulike størrelsar. I tillegg skal eg lage bjørkehjerte som skal ligge på bordet og litt blomster. Har ikkje bestemt kva blomster me skal ha enno.



Fakta:
Mønster: fann oppskrifta på denne bloggen
Garn: ein kvitresteg hadde liggande, utan lapp sjølvsagt
Pinnar: 3 - la opp 35 maskar, skulle hatt litt til.