fredag 17. februar 2012

Køyrepose, gensar og jakke

Har fått nokre bilete av ting eg har strikka før eg byrja å blogge.

Fyrst ut er ein køyrepose som eg strikka til tantejenta vår. Rask og enkel  strikke.

Fakta:
Garn: Freestyle (akkurat denne rosafargen er utgått, hadde akkurat nok til å få den ferdig)
Mønster: Dalegarn - Strikkedesign til baby nr 203

Så ein lilla gensar som er strikka til same jenta. Gensaren er strikka i størrelse to år. Eg synest den vart litt for vid. Fann i farten ikkje mønsteret eg har brukt.


Til slutt jakken ho fekk til jul. Brukte tre kveldar på denne jakken. To kveldar til strikking og ein til å feste trådar og sy i knappar. Det går fort med tjukke pinnar og tjukt garn.


Fakta: 
Garn: Alfa
Mønster: Sandnesgarn mixbarn 0902