lørdag 28. april 2012

Bryllupspynt

Har dei siste vekene halde på med å strikkebryllupspynt. Har ei eit tidlegare innlegg vist eit  eksemplar. No har det vorte fleire og ei eit anna garn.
Har til no strikka "trekk" til åtte  glas, men har enno ein ladning med tomme glas att før eg er ferdig.




onsdag 18. april 2012

Kjøkkenklutar

Har fått laga meg nokre kjøkkenklutar innimellom dei andre prosjekta mine. Fint arbeid å ha når vi køyrer bil. Den siste kluten vart til nåre var på strikkekafe for  fyrste gang i i går kveld. Var med naboen på strikkekafe på To damer i Florvåg.



Fakta:
Mørkeblå: hekla i gjestal bomull sport med heklenål 3,5. La opp eit passe antal luftmaskar og hekla fm i bakre ledd til nøstet var brukt opp.
Lyseblå: Den i midten er strikka, 1. p, 1 rett 1 vrang, 2. p, rett, den andre er hekla slik som den mørkeblå. Begge dei to lyseblå er hekla i mandarin petit.

søndag 8. april 2012

Strømper med mønster

Såg for ei stund sidan nokre fine strømper på drops design, og var ute og kjøpte garn. Garnet vart liggjande ei stund, men rett før påske byrja eg på strømpene, og dei vart ferdige i løpet av påsken. fekk då bestilling frå ho mor på slike strømper, men ho ville ha dei i blått. Så då var det berre å kjøpe garn og setje i gang. No er også dette paret ferdig.
Har ikkje heilt bestemt meg for om eg skal behalde dei brune sjølv eller om dei skal i gje vekk kassen.




Fakta:
Mønster: mønster fann eg på drops design sine sider
Garn (dei brune): Drops Karisma
Garn (dei blå): Viking Alpaca Sport
Pinnar: 2,5 og 3,5



tirsdag 3. april 2012

Eg kan sy!

Har lenge hatt liggjande stoff som eg skulle lage luer av til minsten. Har og prøvd meg på å lage ei lue, men fyrste forsøk gjekk ikkje særleg bra. I tillegg har den gamle symaskina eg hadde slutta å virke.


No er eg heime på påskeferie, og her er det symaskin og nokon å diskutere framgangsmåten med, så då gjorde eg eit nytt forsøk. Denne gongen gjekk det mykje betre og no vart det heile fire luer når eg fyrst var i gang.




Framgansgmåten fann eg på denne bloggen.

Har i løpet av påsken også gjort ferdig eit par med sokkar etter ei dropsoppskrift og sydd eit panneband til meg sjølv, men må ha dagslys slik at eg får bra bilete. Nytt innlegg i morgon kanskje?

God påske til alle lesarar!

Angry birds

Etter å ha hekla påskekyllingen i førre innlegg, kom sambuaren min med ynskje om hekla angry birds. Eg var ikkje heilt med på det med ein gong, men etter ein tur inn på Ravelry der eg fann oppskrift, sette eg i gang.
Har berre brukt restar eg har funne heime hjå ho mor til desse.