Fekk litt inspirasjon til å strikke sokkar etter eit besøk på naboen sin blogg.
Strikka vanlege raggsokkar i barnestørrelse, og har sydd på auger med maskesting etterpå.
Sokkane er strikka i sterk. Nok ein gong er junior på 3 år mottakaren. Skal bli eit par til minstejenta og etterkvart.
Viser innlegg med etiketten sokkar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten sokkar. Vis alle innlegg
tirsdag 25. mars 2014
tirsdag 18. februar 2014
Blueberry Waffel
Innimellom vert det litt sokkestrikking. Synest det er keisamt med "vanleg" raggsokkar, men gidd ikkje strikke om mønsteret vert for avansert heller. Blueberry waffelsocks kan absolutt anbefalast. Har strikka to par, og det vert fleire.
Oppskrift fann eg her.
Sokkane er strikka i Sterk frå DSA.
Oppskrift fann eg her.
Sokkane er strikka i Sterk frå DSA.
onsdag 28. august 2013
Sokkar
Innimellom alle andre prosjekt har det vorte nokre sokkepar. Mamma og pappa hadde kjøpt seg garn frå Du store alpakka og eg fekk bestilling på sokkar. Då var det berre å få sokkane unna, slik at eg kunne fortsetje med andre prosjekt.
Mamma fekk marius sokkar. Mønster frå Mariusboka, strikka i Sterk frå DSA.
Mamma fekk marius sokkar. Mønster frå Mariusboka, strikka i Sterk frå DSA.
Pappa fekk "The autumn kozy socks for men", også strikka i Sterk frå DSA.
tirsdag 2. juli 2013
Babysokkar
Som dei fleste som strikkar har eg alltid litt for mykje garn som ikkje er brukt. Har blant anna nokre nøste med babyull. Dei er fine til å lage babysokkar av. Dei går fort å lage, får brukt opp litt garn og er fint "bilstrikk".
Har strikka to par og desse har fått blå hjerteknappar som pynt.
Oppskrifta fann eg på denne bloggen. Har nokre slike par sjølv og dei vert sitjande på små sprellande føter.
torsdag 13. juni 2013
Havskum sokkar med magic loop
Såg eit mønster på sokkar eg hadde lyst til å strikke, og fekk tips frå naboen om eit nytt sandnes garn som heiter alpakka strømpegarn. Mjukt og godt. I tillegg var ho klar til å lære meg å strikke med magic loop. Det skal definitivt brukast på sokkestrikking framover, er så kjekt å vere ferdig med begge sokkane på same tid.
Mønsteret til sokkane finn du her.
Skulle prøve å vise korleis sokkane ser ut på baksida, men er jammen ikkje lett å ta bilete av sine eigne føter.
onsdag 2. januar 2013
Kjole til veslesøster
Vi ventar på ei jente som skal komme no i januar, så då har det vorte litt strikk til henne. Har strikka kjole, sokkar/tøfler og to luer.
Denne kjolen heiter "kjole til lillesøster" og oppskrifta fann eg her. Eg har strikka kjolen i lanett.
Hadde igjen litt garn når eg var ferdig med kjolen så då vart det sokkar og lue i same farge og.
Denne kjolen heiter "kjole til lillesøster" og oppskrifta fann eg her. Eg har strikka kjolen i lanett.
Hadde igjen litt garn når eg var ferdig med kjolen så då vart det sokkar og lue i same farge og.
Har også laga ei anna babylue med snor. Oppskrifta fann eg på drops sine sider.
Etiketter:
barneklede,
kjole,
luer,
sokkar,
strikk
Abonner på:
Innlegg (Atom)


