onsdag 29. mai 2013

Ny lue

Har for ikkje så lenge sidan fått ei ny sybok i hus, nemleg boka "Handmade". Der er det mange prosjekt eg har tenkt å prøve meg på. Først ut var endå ei lue til junior. Trur det tok meg ca 10 minutt å lage den. Den heiter då også verdas enklaste lue. Har også prøvd meg på Gurimalla sin strikketøypose frå same boka, men når ein skal bruke det ein har liggande av stoff og vliseline og ikkje les oppskrifta skikkeleg, vert heller ikkje resultatet alltid heilt bra. Så før de får sjå den må eg ut og handle litt og lese oppskrifta litt betre.


Stoffet til lua er kjøpt på stoff og stil.

Junior hadde lagt seg så då måtte mor sjølv vere modell

onsdag 8. mai 2013

Bordkort til dåp

No nærmar det seg dåp, så då er det greitt å få ting ferdig. Her er bordkorta vi skal ha i dåpen. Kjøpte farga papp på panduro. Klipte ut store sirklar som eg så klipte ut eit "kakestykke" av. Så klipte eg ut hjulene, stripa dere navnet står og trykte ut hjerta. Så er alt limt på med dobbeltsidig teip. Hjerta er limt med litt tjukkare "puter".




lørdag 4. mai 2013

Leiketelt og hekla matte

Rommet til junior er som tidlegare nevnt nymåla. Eg har også sydd eit leiketelt til å ha på rommet. Mønsteret og stoffet er kjøpt på stoff og stil, men eg droppa å lage vindauga som var i mønsteret. Teltet er innvia som lesetelt, og eg fekk beskjed om at han vil ha "tre stykkar".
Til å sitje på inni teltet har han fått ei matte eg har hekla av eit gammalt dynetrekk, ser etter at det er kome inn i teltet at matta må få nokre omgangar til. 
Matta er hekla med heklenål nr 10, fastmaskar rundt og auking innimellom.