Innimellom alle andre prosjekt har det vorte nokre sokkepar. Mamma og pappa hadde kjøpt seg garn frå Du store alpakka og eg fekk bestilling på sokkar. Då var det berre å få sokkane unna, slik at eg kunne fortsetje med andre prosjekt. Mamma fekk marius sokkar. Mønster frå Mariusboka, strikka i Sterk frå DSA.
Eg skal bli tante i september/oktober og då må eg jo sjølvsagt strikke litt. Starta fyrst på eit teppe, men innsåg ganske fort at det ikkje kom til å bli ferdig i tide. Teppe og meg er ingen god kombinasjon. Kjøpte Mariusboka og sat og bladde litt i den, så då vart det ein mariusdress som kom på pinnane.
Fakta: Mønster: frå mariusboka Garn: sisu Størrelse: 6 mnd