søndag 21. oktober 2012

Julestrømpe

Har litt tidlegare i haust strikka ei julestrømpe med tjukt garn og tjukke pinnar. I helga vart den endeleg tova og fekk litt pynt på seg. Så no er den klar for blogging.



Til strømpa brukte eg to nøster med fritidsgarn. Oppskrifta fann eg på denne bloggen.

onsdag 17. oktober 2012

Arne & Carlos lue til mannen

Har vore ute og leika med minstemann dei siste dagane, og kjenner at det har vorte kaldare ute. Mannen i huset har ikkje/fann ikkje hua si. Så på strikkekvelden på To damer i går leita eg fram eit Arne og Carlos lue mønster.



Mønsteret heiter "Lue med Space Invader-mønster",og er laga for Dale Garn. I oppskrifta er det brukt Freestyle, men eg prøvde eit nytt garn som heiter Cotinga.

søndag 14. oktober 2012

Dress til tanteguten

Har fått ein tantegut no i haust, og då må han sjølvsagt få noko heimestrikka. Oppskrifta til dressen fann eg her. Brukte Babysilk frå du store alpakka, i staden for garnet som står i oppskrifta etter tips frå butikken, om at garnet i oppskrifta har lett for å bli nuppete.
Har strikka dressen i størrelse 6 mnd, slik at han kan bruke den i vinter.



søndag 30. september 2012

Kjole

Har laga enno ein av klinkekult sine kjolar. Denne gongen ei bursdagsgåve. Kjolen er laga i mørk blå dongeri og eit bomullstoff frå Stoff og Stil.
Denne gongen pynta eg kjolen med ein liten hjertknapp.



Marius pute

På forrige strikkekveld på To damer, kjøpte eg meg eit hefte med diverse Marius mønster i. Fyrste på pinnane derifrå vart ei Marius pute. 
På bilde har trekket fått plass utanpå ei sofapute, såeg må ut og  kjøpe ei pute før eg kan sy att i botnen og den er heilt ferdig. Har også fått mg merkelappar til å sy på det eg lagar.



Fakta: 
Mønster: Sandnesgarn Marius
Garn: strikka med dobbel tråd sisu

søndag 16. september 2012

Julepynt

Såg for ei tid sidan ein link som To damer hadde lagt ut, med oppskrift på lyslykt. Fann ut at det måtte prøvast, og kjøpte inn garn. Mønsteret var enkelt og lykta vart laga på ei lita kveldsstund.

Har tenkt å ha eit lilla band på lykta, men var dette eg hadde i skuffene akkurat no.



Fakta:
Mønster: på Ravelry
Garn: Lille lerke
Band kjøpt på stoff og stil (trur eg, er ei stund sidan det vart kjøpt)

Sminkepungar/myntpungar

Starta på fleire pungar då eg var heime i sommar, men vart ikkje ferdig. Er no godt i gang på jobba att, og ting byrjar å verte litt rolegare. Då vert det litt meir tid til hobby og, så no har sminkepungane fått glidelås og er ferdigstilte.

Stoffet til desse er også kjøpt på stoff og stil.