mandag 11. mars 2013
Strikka påskeegg
Har strikka nokre påskeegg som skal pynte opp på bordet i stova. Egga har eg strikka etter denne oppskrifta. Mønsteret sydde eg på etterpå etter eige hovud. Brukte litt forskjellig restegarn av ulik tjukkelse, så då vart det forskjellig størrelse på egga.
lørdag 9. mars 2013
Tulipanar
Har vist fram dette strikke trekket før, men då som lyslykt i bryllupet vårt. Inni trekket er det eit gammalt syltetøyglas, og det kan jo fint brukast som vase og. God søndag til alle som er innom.
torsdag 7. mars 2013
Litt forskjellig
No er det enge sidan forrige blogg innlegg. Har fått laga ein del ting, men tida har ikkje strekt til, så har ikkje fått teke bilete av alt, og ikkje blogga nokon ting. Her kjem i allefall noko av det eg har laga i det siste.
Donut
Kjøpte eit strikkeblad på butikken (Herlig strikk nr. 1, februar 2013), og inni der fant eg nokre oppskrifter på hekla leike kaker. Har til no prøvd meg på denne, som har komme på plass på "kjøkkenet" til eldstemann.Sjølve donuten er hekla i gjestdal bomull sport, den gule og brune pynten var nokre restar eg hadde liggande.
Hekla korger
Mamma ønskte seg hekla korger til å ha på badet. Prøvde meg på nokre tidlegare i vinter, men dei vart litt små. No fann eg oppskrift på nokre litt større korger på G-Anette`s kreativiteter. Korgen er hekla i drops eskimo. Brukte to nøster til korgene.
Uglevottar
Mamma ønskte seg og kvite vottar med fletter på. Eg hadde lyst å prøve denne oppskrifta, så då vart det kvite vottar med ugle på. Mottakaren vart fornøgd og då er eg fornøgd og :) Mørke bilde tatt i full fart, og vottar som ikkje er pressa....
tirsdag 5. februar 2013
Inspirert
No har permisjonslivet starta for fullt. Veslejenta er allereie vorte to veker gammal. Har ikkje fått tid til å strikka så mykje dei to siste vekene, men noko har eg fått gjortferdig. Har også mange prosjekt i tankane, så får vi sjå kor mange av dei som vert sett ut i livet.
Denne hua og pulsvarmarane fann eg på denne kjekke bloggen G-Anettes`s Kreativiteter.
Oppskrifta til lua finn du her. Oppskrifta til pulsvarmarane er her.
torsdag 17. januar 2013
Luer
Har no begynt på permisjon og går heime og ventar. Då er det greit å ha noko å gjere på. Etter jul har det vorte eit par med gryteklutar og to luer. Har også ein gensar til meg sjølv på pinnane. Men med pinne 8 og tynt garn, kan eg ikkje strikke på den heile tida, då byrjar venstre armen å krangle litt.
Gryteklutane fann eg på drops sine sider. Dei er hekla i drops paris. Gryteklutane er hekla i to lillafargar, men dei kjem ikkje rett fram på bilete. Målet mitt for det kommande året er å ta meg betre tid med fotograferinga, slik at bileta forhåpentlegvis vert betre.
Dei to luene er strikka etter same oppskrift, men pynta på ulike måtar. Oppskrifta har eg funne på denne flotte bloggen.
Denne lua er til ei lita jente på 3 år, og måtte sjølvsagt pyntast med hekla blomst og ein liten hjerte knapp.

Når eg strikka på jentelua fekk eg spørsmål frå poden om det var hans lue. Då måtte eg sjølvsagt late ei til han og. Pynten på lua har han plukka ut sjølv, ein favoritt for tida.
onsdag 2. januar 2013
Kjole til veslesøster
Vi ventar på ei jente som skal komme no i januar, så då har det vorte litt strikk til henne. Har strikka kjole, sokkar/tøfler og to luer.
Denne kjolen heiter "kjole til lillesøster" og oppskrifta fann eg her. Eg har strikka kjolen i lanett.
Hadde igjen litt garn når eg var ferdig med kjolen så då vart det sokkar og lue i same farge og.
Denne kjolen heiter "kjole til lillesøster" og oppskrifta fann eg her. Eg har strikka kjolen i lanett.
Hadde igjen litt garn når eg var ferdig med kjolen så då vart det sokkar og lue i same farge og.
Har også laga ei anna babylue med snor. Oppskrifta fann eg på drops sine sider.
Etiketter:
barneklede,
kjole,
luer,
sokkar,
strikk
mandag 31. desember 2012
Godt nytt år!
Her kjem årets siste innlegg frå denne kanten. I dette innlegget er det nokre julegåver som skal bloggast.
Fyrst ut ei pute strikka i easy garn med pinne nr 15.
Hekla også tre par med gryteklutar i drops paris. Oppskrifta fann eg her. Hekla i forskjellige fargar,men hugsa berre å ta bilete av eit av para.
Fyrst ut ei pute strikka i easy garn med pinne nr 15.
Hekla også tre par med gryteklutar i drops paris. Oppskrifta fann eg her. Hekla i forskjellige fargar,men hugsa berre å ta bilete av eit av para.
Har også hekla eit par med oppvaskklutar. Deier som vanleg hekla i gjestal bomull sport.
Etiketter:
gryteklutar,
interiørstrikk,
klutar,
pute,
strikk
Abonner på:
Innlegg (Atom)