tirsdag 5. februar 2013

Inspirert



No har permisjonslivet starta for fullt. Veslejenta er allereie vorte to veker gammal. Har ikkje fått tid til å strikka så mykje dei to siste vekene, men noko har eg fått gjortferdig. Har også mange prosjekt i tankane, så får vi sjå kor mange av dei som vert sett ut i livet.

Denne hua og pulsvarmarane fann eg på denne kjekke bloggen G-Anettes`s Kreativiteter.

Oppskrifta til lua finn du her. Oppskrifta til pulsvarmarane er her.





torsdag 17. januar 2013

Luer

Har no begynt på permisjon og går heime og ventar. Då er det greit å ha noko å gjere på. Etter jul har det vorte eit par med gryteklutar og to luer. Har også ein gensar til meg sjølv på pinnane. Men med pinne  8 og tynt garn, kan eg ikkje strikke på den heile tida, då byrjar venstre armen å krangle litt.

Gryteklutane fann eg på drops sine sider. Dei er hekla i drops paris. Gryteklutane er hekla i to lillafargar, men dei kjem ikkje rett fram på bilete. Målet mitt for det kommande året er å ta meg betre tid med fotograferinga,  slik at bileta forhåpentlegvis vert betre.



Dei to luene er strikka etter same oppskrift, men pynta på ulike måtar. Oppskrifta har eg funne på denne flotte bloggen.



Denne lua er til ei lita jente på 3 år, og måtte sjølvsagt pyntast med hekla blomst og ein liten hjerte knapp.



Når eg strikka på jentelua fekk eg spørsmål frå poden om det var hans lue. Då måtte eg sjølvsagt late ei til han og. Pynten på lua har han plukka ut sjølv, ein favoritt for tida.

onsdag 2. januar 2013

Kjole til veslesøster

Vi ventar på ei jente som skal komme no i  januar, så då har det vorte litt strikk til henne. Har strikka kjole, sokkar/tøfler og to luer.

 Denne kjolen heiter "kjole til lillesøster" og oppskrifta fann eg her. Eg har strikka kjolen i lanett. 

Hadde igjen litt garn når eg var ferdig med kjolen så då vart det sokkar og lue i same farge og.



Oppskrifta til lua fann eg på denne bloggen. Og oppskrifta til sokkane fann eg på denne bloggen.

Har også laga ei anna babylue med snor. Oppskrifta fann eg på drops sine sider.



mandag 31. desember 2012

Godt nytt år!

Her kjem årets siste innlegg frå denne kanten. I dette innlegget er det nokre julegåver som skal bloggast.

Fyrst ut ei pute strikka i easy garn med pinne nr 15. 

Hekla også tre par med gryteklutar i drops paris. Oppskrifta fann eg her. Hekla i forskjellige fargar,men hugsa berre å ta bilete av eit av para.


Har også hekla eit par med oppvaskklutar. Deier som vanleg hekla i gjestal bomull sport.






søndag 11. november 2012

Kveldens prosjekt

Har ei stund tenkt på at eg skulle prøve å sy ei veske. Har leita litt rundt på nettet etter ei enkel og grei oppskrift. Eg enda til slutt opp med denne veska.




Oppskrifta fann eg på denne sida. Den engelske oppskrifta var ikkje så vanskeleg å forstå, og med litt hjelp av youtube videoen tok det ikkje så lang tid heller.

Småstrikk

Eg har både strikka og sydd litt i det siste, men har hatt eit kamera tomt for batteri og ikkje funne ladaren. No har eg funne det gamle kameraet mitt og fått lada det opp, så då vart det litt bilete.

Fyrst ut tre korger i julestoff. Stoffet er som vanleg kjøpt på stoff og stil. Den eine har raude stjerner både inni og utanpå, ein har grøne stjerner og den siste er raud utanpå og grøn inni.


Elles har eg strikka to små luer i drops alpakka.


Oppskrifta til denne lua fann eg på denne bloggen.



 Denne lua heiter "Sweet Caroline" og eg fann oppskrifta på denne sida.

Eit par med vottar ar det også vorte. Oppsrifta er henta frå boka "Strikk til nøstebarn". Slike skal det bli fleire av, må berre ut og kjøpe meir garn fyrst.


Til slutt har eg laga nokre fleire lyslykter og pynta dei med band.


Bandet på lykta til venstre er eigentleg meir lilla enn det ser ut på bilete, men slik blir det med gamalt kamera.





torsdag 25. oktober 2012

Brødkorg og julestrømpe

Også denne julestrømpa har vore ferdig ei lita stund. Så var det dette med toving som har teke litt tid, men no er den ferdig.
Mønsteret fann eg i same blad som puta eg skreiv om i eit tidlegare innlegg.



Fakta:
Garn: fritidsgarn
Mønster: SandnesGarn Marius, tema 29

Har også prøvd meg på litt meir sying. Denne gongen vart det ei korg frå syboka "Made by Me". Måtte sy eit "prøveeksemplar" fyrst. Var litt for rask med klippinga, og hadde gjort feil, så den måtte eg berre forkaste. Men denne gongen gjekk det mykje lettare og raskare. Blir nok fleire av desse. Har kjøpt noko julestoff på stoff og stil som eg har tenkt å prøve ut på korgen og.

Stoffet til denne korga er også kjøpt på stoff og stil.