tirsdag 30. april 2013

Hekla sommarfuglar

Påskepynten har vore vekk ei stund, og eg har grubla på kva som skulle komme opp på greina i staden for. Har tenkt på hjerter og stjerner, men enda til slutt opp med nokre små hekla sommarfuglar.

Fakta:
Garn: Timeless Cotton 8/4 (kjøpt på stoff og stil)
Oppskrift: fann eg på denne kjekke bloggen

Har hekla nokre sommarfuglar til i sterkare fargar, men dei skal vere i ein uro som skal hengje over senga til veslesøster.



torsdag 25. april 2013

Vimplar

Denne veka har eg rydda og måla rommet til junior. Då måtte han og få noko nytt å henge på veggen. (Det har vel egentleg ikkje vore så mykje på veggane i det heile.)
Kjøpte stoffet på Stoff og Stil og har laga ei vimpelrekkje som skal henge over senga hans. Har og laga ei til veslesøster som ho skal ha over senga når ho skal flytte inn på rommet.
Kjøpte litt forskjellig stoff og hadde noko liggjande. Laga ein mal og klipte ut trekantar, som eg sydde saman rette mot rette, deretter sydde eg dei saman med band. Det vart litt mange trekantar så då vart det fire vimpelrekker. Må bestemme meg for kven dei skal ha så kjem det bilete frå rommet etterkvart.






onsdag 17. april 2013

Oslo-anorakken og lue

Har sett mange versjonar av Oslo-anorakken rundt om på ulike bloggar og har lenge tenkt at ein sli vil eg lage. Har endeleg fått tak i garn og oppskrift og har strikka ein til junior. Har også kjøpt garn til veslesøster, men har ikkje starta på den enno.


Veslesøster har fått seg ei lue som ho kan bruke til hausten. Ho hadde svært lite lyst til å ha lue på og bli tatt bilete av, så måtte til slutt ta bilete av lua  liggande på bordet.


mandag 1. april 2013

Traktorhue og litt til

Det har vorte produsert litt i påskeferien og, så her kjem noko av det som vart laga. Resten ventar på trådfesting og damping...det er så kjekt!

Sonen i huset er ganske så interessert i traktorar og påsken har i år vore i Fresvik hjå bestn, og då må me ha traktorhue, og traktoren kan ikkje vere noko anna enn raud. Når hua var ferdig fekk eg bestilling på ei til mannen og.




Mønsteret til hua fann eg på denne bloggen. Brukte drops merino extra fine på denne lua og.

Ferien var som sagt i Fresvik og i løpet av ferien tikka det inn ei bestilling på trekk til tennbrikkett bokse n frå mor i huset. Då vart det ein runde på nett for å finne oppskrift og ein tur i garnlageret for å finne passande garn. Resultatet var dette trekket.



Hovudfargen på boksen er eit nøste smart, mønsterfargane er ukjende. Mønsteret fann eg på denne bloggen.

Luer til liten og stor

I vinterferien byrja eg på ei lue som eigentleg skulle vere til mannen i huset, men med  feil nr på strikkepinnane og litt for lite maskar lagt opp vart det lue til storebror i huset i stadan for. Hadde heldigvis kjøpt for mykje garn, så etterkvart vart det lue til mannen og.


Fakta:
Garn: Merino extra fine
Mønster: finn du her


mandag 11. mars 2013

Strikka påskeegg






Har strikka nokre påskeegg som skal pynte opp på bordet i stova. Egga har eg strikka etter denne oppskrifta. Mønsteret sydde eg på etterpå etter eige hovud.  Brukte litt forskjellig restegarn av ulik tjukkelse, så då vart det forskjellig størrelse på egga.


lørdag 9. mars 2013

Tulipanar

Har vist fram dette strikke trekket før, men då som lyslykt i bryllupet vårt. Inni trekket er det eit gammalt syltetøyglas, og det kan jo fint brukast som vase og. God søndag til alle som er innom.